Sunnfjord: – Vi har eigentleg ikkje råd til å ha deltid

Det var ein stolt ordførar i Sunnfjord som mottok diplom, heider og ære for heiltidsarbeidet i kommunen.
På sjetteplass blant 357 kommunar!
I helse og omsorg er heiltidsstillingar avgjerande for gode tenester til innbyggjarane, og ein trygg og sikker arbeidsplass for tilsette. Derfor kårar Delta for tredje året på rad Norges beste kommune på utlysing av heiltidsstillingar for helsefagarbeidarar.
Helsefagarbeidarar er ei av dei største yrkesgruppene innanfor helse- og omsorg, og ei yrkesgruppe vi treng stor rekruttering til i åra som kjem.
SJEKK DIN KOMMUNE: Prøv Deltas heiltidsmonitor
Er du ikkje medlem i Delta?
Bli med og få alle fordelane du òg.Kom heim
– Vi har over lang tid vore opptekne av å auke talet på heiltidsstillingar i helse- og omsorgstenestene. Erfaringane frå kommunane viser at dette er viktig både for kvaliteten på helsetenesta til innbyggjarane og tryggleiken for alle dei tilsette, seier Deltas 1. nestleiar Marit Solheim.
Og for henne var det spesielt å overlevere diplom til ordførar Jenny Følling i Sunnfjord, kommunen der Solheim var hovudtillitsvald i 16 år før ho vart vald inn i Deltas politiske leiing.
Artikkelen held fram under faktaboksen
Slik er kåringa gjennomført
Følgjande kommunar er med i finalefeltet, i alfabetisk rekkefølgje:
Arendal, Bodø, Gran, Hadsel, Hamarøy, Karmøy, Ringerike, Sogndal, Sola, Stad og Sunnfjord.
Plassering
(prosent heiltidsstillinger lyst i 2024 i parentes)
1. ?
2. ?
3. ?
4. Arendal
5. Hamarøy (50 % og Hadsel (50 %)
6. Sunnfjord (48 %)
7. Sogndal (48)
8. Stad (48 %)
9. Bodø (46 %)
10. Sola (46 %)
Tallene viser hvor stor andel av de totalt utlyste helsefagarbeiderstrillinger i 2024 som var heltidsstillinger. Gjennomsnittet for norske kommuner var 30 prosent.
Slik har vi kommet fram til kandidatene:
Vi har teke utgangspunkt i Deltas heiltidsmonitor, som er levert til oss av Retriever. Der blir alle utlysingar i kommunar innanfor fleire yrkesgrupper registrerte. Vi har valt å konsentrere oss om helsefagarbeidarar, og har sett som kriterium at den enkelte kommune har lyst ut minst 50 helsefagarbeidarstillingar i løpet av 2024.
LES OGSÅ: Utlysningane har auka med 10 prosentpoeng
– Eg er veldig stolt over å vere her i Sunnfjord. Det er ekstra stas sidan dette er min heimkommune og her eg har vore tillitsvald så lenge, sa Marit Solheim då ho overleverte diplom og blomar til ordførar Jenny Følling (Sp)
– Mykje å gå på
Sunnfjord lyste ut 48 prosent av sine helsefagarbeidarstillingar som heiltid i fjor, og er med det på sjetteplass i kåringa.
– Eit bra resultat, men det er framleis under halvparten, så de har mykje å gå på, sa Solheim til sine sambygdingar.
Fokus på heiltidskultur
Ordførar Jenny Følling synest på si side det var ei stor ære å motta prisen på vegner av kommunen.
– Det er viktig at vi har fokus på heiltidskultur, og eg synest at det å liggje på sjetteplass i Noreg er ein god posisjon. Vi har eigentleg ikkje råd til å ha deltid, for vi treng alle hender inn i arbeidet framover. Difor er det viktig at vi har kome såpass godt i gang.
Høyr meir kva ordføraren sa i videoen under
Kommunalsjef for omsorg i Sunnfjord kommune, Kirstin Synnøve Bruland, sette også pris på merksemda.
– Vi ønskjer så langt vi kan å lyse ut fulle stillingar. Det lønner seg for oss, vi rekrutterer betre på den måten. Og den faglege kvaliteten blir heva når vi har heile stillingar, sa ho mellom anna under seremonien på rådhuset i Førde.
Derfor er heiltid viktig
- Heiltid gir auka kvalitet i tenestene ved at dei tilsette er meir på jobb og blir betre kjende med tenestemottakarane og desse får færre å forhalde seg til.
- Heiltid bidrar til betre arbeidsmiljø, sterkare fagmiljø og lågare sjukefråvær.
- Heiltid gir økonomisk og kvalitetsmessig gevinst, ved mindre bruk av overtid, vikarar og innleige.
- Heiltid gir dei tilsette ei lønn det er mogleg å leve av.
- Utstrakt bruk av deltidsstillingar har store konsekvensar for den enkelte sin levestandard og livskvalitet.
- Heiltid er bra for å behalde og rekruttere tilsette.
- Heiltid fremmer likestilling.
- Heiltid er bra for å auke kompetansen og dermed kvaliteten i tenesta.