Einigheit i meklinga i privat helse og omsorg
Auka minstelønnssatsar sikrar at tilsette i desse private verksemdene følgjer utviklinga innanfor resten av helse- og omsorgssektoren.
Laurdag morgon 11. januar vart det semje i meklinga for privat helse og omsorg i NHO.
- Lønnsnivåa på avtalen er heva, og vi har sikra eit generelt tillegg tilsvarande det som er gitt i frontfaget, seier Deltas forhandlingsleiar Marit Solheim, første nestleiar i Delta.
- Last ned protokoll og møtebok: Protokoll 536 Geneo Delta 11. januar 2025 (pdf)
Resultatet i korte trekk
- Generelt tillegg på kr 7,- pr time (kr 13 650 pr år) pr. 1.5.2024. Det generelle tillegget er inkludert i heving av minstelønnssatsane.
- Minstelønnssatsane aukar med mellom 31.175 kroner og 50. 975 kroner i året med virkning fra 1. mai 2024.
- Auka ulempetillegg på minimum 70,- kroner pr. time fra 01.03.2025, slik at dei no er på nivå med offentleg sektor.
Dette var viktige krav for Deltas medlemmer.
Dette er tillegga
Minstelønnssatsar med virkning frå 01.05.2024 er som følgjer:
Økning minstelønn per 1.5.2024 | 0 år | 2 år | 4 år | 6 år | 8 år | 10 år | 16 år |
A: Uten særskilt krav til utdanning | 42 875 | 40 875 | 33 675 | 33 675 | 31 575 | 30 275 | 43 875 |
B: Krav om fagbrev eller tilsvarende | 43 875 | 40 875 | 31 375 | 31 375 | 32 275 | 30 975 | 38 875 |
C: Stilling med krav om utdanning som vernepleier, fysioterapeut, ergoterapeut, ernæringsfysiolog og sykepleier | 47 375 | 43 875 | 35 100 | 35 100 | 35 100 | 35 275 | 47 375 |
D: C med krav om relevant videreutdanning | 44 775 | 42 875 | 35 100 | 40 600 | 50 975 | 42 375 | 49 375 |
E: C med krav om relevant master | 45 375 | 42 875 | 39 700 | 37 600 | 50 975 | 41 975 | 49 375 |
Minstelønn per 1.5.2024 | 0 år | 2 år | 4 år | 6 år | 8 år | 10 år | 16 år |
A: Uten særskilt krav til utdanning | 377 500 | 380 500 | 382 500 | 385 500 | 391 500 | 436 500 | 468 500 |
B: Krav om fagbrev eller tilsvarende | 428 500 | 430 500 | 435 000 | 439 000 | 447 500 | 494 000 | 506 500 |
C: Stilling med krav om utdanning som vernepleier, fysioterapeut, ergoterapeut, ernæringsfysiolog og sykepleier | 501 400 | 503 900 | 508 725 | 519 125 | 529 125 | 579 900 | 600 000 |
D: C med krav om relevant videreutdanning | 540 400 | 542 900 | 549 725 | 560 625 | 581 000 | 610 000 | 630 000 |
E: C med krav om relevant master | 570.400 | 572.900 | 579.725 | 587.625 | 611.000 | 643.000 | 674.000 |
Lokale forhandlingar står att
No står dei lokale forhandlingane att. Der skal det forhandlast om ytterlegare tillegg.
- Vi forventar at arbeidsgjevar på kvar enkelt arbeidsplass bidreg til å sikre ei lønnsutvikling som er i tråd med arbeidslivet elles, seier Marit Solheim.
Dei sentrale partane kjem i årets oppgjer til å legge spesiell vekt på å følgje opp dei lokale forhandlingane. Det er avtalt at Deltas tillitsvalde skal senda protokollane frå dei lokale forhandlingane til Delta. Det skal bidra til eit felles kunnskapsgrunnlag mellom dei sentrale partane.
Ein del av den offentlege velferda
Virksomhetene på denne avtalen driv velferdstenester på vegner av det offentlege. Konkurranseutsetting skal ikkje gå ut over lønna til dei tilsette.
- Dette resultatet tek oss i retning lik lønn for likeverdige arbeidsoppgåver, seier Solheim.
Takk til dykk som var i streikeberedskap
Delta hadde varsla streik for medlemmer ved VIGØR rehabiliteringssjukehus.
- Takk til dykk som stod i beredskap. Det er krevjande å førebu seg på streik, men dette viser at gode førebuingar gir makt bak kravet og det gir resultat. Vi skal halde fram med å jobbe hardt for å nå lønnsmåla i avtalen, understrekar Marit Solheim.
Er du ikkje medlem i Delta?
Bli med og få alle fordelane du også.Har du spørsmål?
Delta Direkte er eit tilbod til deg som er medlem eller tillitsvald i Delta. Rådgivarane våre er klare til å hjelpe deg måndag til fredag kl. 08–20.