Lønnsoppgjeret: – Delta krev reallønnsvekst for medlemmene våre i staten

Marit Solheim, 1. nestleiar i Delta, stilte saman med leiar i AVYO, Øyvind Hov Randmæl (t.v.) og leiar i Skatteetatens Landsforbund, Ivar Sømhovd (bildet), i spissen for Deltas forhandlingsutval då lønnsoogjeret vart innleia i Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet torsdag 24. april.
Marit Solheim, 1. nestleiar i Delta, stilte saman med leiar i AVYO, Øyvind Hov Randmæl (t.v.) og leiar i Skatteetatens Landsforbund, Ivar Sømhovd (bildet), i spissen for Deltas forhandlingsutval då lønnsoogjeret vart innleia i Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet torsdag 24. april. Foto: Per Tandberg

– Stadig utsetting av den varsla rentenedgangen, og skyhøge matvareprisar, skaper stor usikkerheit for våre medlemmar. Derfor krev vi reallønnsvekst for medlemmene.

Det sa Deltas 1. nestleiar, Marit Solheim, då lønnsoppgjeret i staten vart innleia i dag, 24. april.

Årets oppgjer er eit såkalla mellomoppgjer. Det betyr at det berre skal forhandlast om kroner og øre.
Partane har frist til 30. april klokka 24:00 om å bli samde.

Krevjande prisar og rentenivå

– Det trengs eit lønnsløft i år. Etter fleire år kor høg prisvekst har ete opp lønnsveksten, fekk me i fjor gjennomslag for reallønnsvekst. Men vi treng meir enn eitt godt oppgjer for at det skal merkast etter tøffe år. Særleg når vi ser at spesielt matvareprisane har halde fram med å stige, samtidig som den varsla rentenedgangen stadig blir utsett. Dette skaper krevjande og svært usikre tider for medlemmene våre, seier Solheim. 
Samtidig understrekar Deltas 1. nestleiar kor viktig lønn er for rekruttering.

–Lønna i offentleg tenesteyting må opp. Vi har eit skrikande behov for å ta vare på og hente inn dyktige medarbeidarar i staten framover. Då må dei økonomiske vilkåra for å ta på seg slike viktige arbeidsoppgåver på vegner av fellesskapen vere konkurransedyktige.

Alle yrkesgrupper like viktige

Delta er representerte i ei rekke verksemder og på mange nivå i staten. Vi er store innanfor NAV og Skatteetaten, og har medlemmer som også har avgjerande oppgåver i Hovudredningssentralen, Sivilforsvaret, Kriminalomsorgen, Havforskingsinstituttet og ei rekke andre statlege funksjonar som er viktige for Norge.

– Alle yrkesgrupper er like viktige. Ei verksemd fungerer ikkje slik ho skal om ikkje alle kjenner seg teke vare på og sett, seier Deltas 1. nestleiar.

Størst mogleg sentralt tillegg

Delta meiner at situasjonen i Norge, med god økonomisk utvikling og framleis låg arbeidsløyse, gir grunnlag for eit godt lønnsoppgjer.

–Då skulle det berre mangle at ikkje Deltas medlemmer får sin rettmessige del av verdiskaping i samfunnet, og reallønnsveksten blir sikra, seier Marit Solheim.

Delta krev at det blir gitt eit sentralt tillegg og at det blir avsett pott til lokale lønnsforhandlingar i mellomoppgjeret 2025.

– For å sikre reallønnsvekst for alle bør det sentrale tillegget utgjere størstedelen av ramma for oppgjeret etter Deltas meining. Samtidig må den lokale potten vere av ein viss storleik, for at det skal vere formålstenleg å gjennomføre forhandlingar.

25 000 YS-medlemmer

Det er YS Stat som forhandlar med staten på vegner av 25.000 arbeidstakarar som er organisert under YS. Deltas medlemmer i statlege verksemder utgjer om lag 5000. 

Artikkelen held fram under biletet

IMG_4853.JPG
Leiar i YS Stat, Jens B. Jahren, saman med Unn Kristin Olsen, leiar i Parat, og Karin Tanderø Schaug, leder i Norsk Tollerforbund. (Foto: Vetle Daler)

– Statsansatte er svært attraktive for arbeidsgjevarar i andre sektorar i arbeidslivet. Det er derfor viktigare enn tidlegare år at staten tilbyr sine tilsette gode, konkurransedyktige løns- og arbeidsvilkår, seier YS Stat-leiar Jens B. Jahren.

YS Stat krev lønsauke som sikrar reallønsvekst, og vil fremje krav om både eit generelt tillegg og ei avsetning til lokale forhandlingar. 
Les meir på ys.no.

Her er Deltas medlemmer i staten

Deltas medlemmer i staten jobbar mellom anna i følgjande verksemder:

  • NAV
  • Skatteetaten
  • Helfo
  • Bufetat
  • Havforskingsinstituttet
  • Landbruksdirektoratet
  • Fiskeridirektoratet
  • Sivilforsvaret
  • Direktoratet for samfunnssikkerheit og beredskap
  • Kriminalomsorga
  • Hovudredningssentralen

Deltas forhandlingsutval i staten

Marit Solheim - leiar av forhandlingsutvalet/1. nestleiar i Delta
Ola Yttre, 2. nestleiar i Delta
Øyvind Randmæl - leiar i AVYO i Delta
Ivar Somhovd – leiar SKL
Rune Horgmo - AVYO i Delta
Lars Nedrevåg – Hovudredningssentralen
Ragnfrid Magnor-Jensen – Havforskingsinstituttet.

YS Stat forhandlar på vegner av følgjande YS-forbund som har medlemmar i staten: Delta, Parat, Befalets fellesorganisasjon, Norsk Tollerforbund, Kriminalomsorgens Yrkesforbund, Skolelederforbundet og STAFO. 
Jens Jahren er leiar i YS Stat.