Krev reallønnsvekst: – Historisk viktig oppgjer i staten

– For Delta er det viktig å sikre medlemmene i staten reallønnsvekst. Statstilsette skal ha lønnstillegg minst på linje med frontfaget som enda på 5,2 prosent.
Dette sa Deltas nestleiar og leiar i forhandlingsutvalet i staten, Marit Solheim, då lønnsoppgjeret i staten starta i dag.
Ho er klar på at årets hovudoppgjer kan bli historisk viktig.
– Det handlar ikkje berre om årets lønnsutvikling og sikre arbeidslvilkåra i kommande periode. Det handlar også om lønnsutviklinga i framtida i staten.
Ein eller to avtalar ?
Eit moment som gjer dette oppgjeret ekstra spennande og viktig, er staten sitt sterkt uttrykte ønske om ein felles tariffavtale for alle. I dag er det to avtalar. Ein for YS og LO, og ein for Akademikerne og Unio.
– Delta ønskjer å finne løysingar som varetek alle gruppene i fellesskap. Vi trur me står sterkare saman, og me trur på den norske modellen som inntekts-utjamnande verkemiddel. Så får vi sjå korleis forhandlingane utviklar seg. Det einaste som er klart er at det blir veldig spennande, seier Marit Solheim.
Artikkelen fortset under biletet

Viktige yrkesgrupper
Delta er representert i ei rekkje verksemder og på mange nivå i staten. Vi er store innanfor NAV og Skatteetaten, og har medlemmer som også har avgjerande oppgåver i Hovudredningssentralen, Sivilforsvaret, Kriminalomsorgen, Havforskingsinstituttet og ei rekkje andre statlege funksjonar som er viktig for Norge.
– Alle yrkesgrupper er like viktige. Ei verksemd fungerer ikkje slik ho skal om ikkje alle kjenner seg tatt vare på og sett, seier Deltas nestleiar.
Trygghet i arbeidslivet. Og livet rundt.
Meld deg inn i dag - 2 måneder gratis.Derfor er ho oppteken av at alle føler at dei får meir igjen i lommeboka etter lønnsoppgjeret.
– Prisveksten har vore større enn lønnsveksten dei siste åra. Det merkar vi alle. I tillegg kjem kraftig auka rentekostnader. Det gjer at vi i årets oppgjer treng reallønnsvekst, seier Marit Solheim.
Artikkelen fortset under biletet

Klar tale fra YS Stat
Det er YS Stat som forhandlar med staten på vegner av 25.000 arbeidstakarar, under dette Deltas medlemmer i statlege verksemder.
– Statstilsette skal ha lønnstillegg minst på linje med det som vart forhandla fram i frontfagsoppgjeret. Det meiner YS Stat-leiar Jens B. Jahren. Ramma for lønnsoppgjeret i frontfaget enda på 5,2 prosent.
– Vi representerer breidda i staten, der vi både har grupper med høg utdanning og med yrkesfagleg spisskompetanse. Derfor er det viktig at vi sikrar at alle får eit generelt tillegg. Vi må også sørge for å ha eit handlingsrom når det gjeld lokale lønnstillegg. Medlemmene våre skal få auka kjøpekraft etter lønnsforhandlingane, fastslår han.
Partane i lønnsoppgjeret har frist på seg til 30. april kl. 24.00 for å bli samde. Blir det brot, endar oppgjeret hos riksmeklaren.

Her er Deltas medlemmer i staten
Deltas medlemmer i staten jobbar mellom anna i følgjande verksemder:
NAV
Helfo
Bufetat
Havforskingsinstituttet
Landbruksdirektoratet
Fiskeridirektoratet
Sivilforsvaret
Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap
Kriminalomsorgen
Hovudredningssentralen
Skatteetaten
Deltas forhandlingsutvalg i staten
Marit Solheim - leiar av forhandlingsutvalet/nestleiar i Delta
Ivar Somhovd – leiar SKL
Øyvind Randmæl - leiar i AVYO i Delta
Rune Horgmo - AVYO i Delta
Lars Nedrevåg – Hovudredningssentralen
Ragnfrid Magnor-Jensen – Havforskingsinstituttet
YS Stat forhandlar på vegner av følgjande YS-forbund som har medlemmer i staten:
Delta, Parat, Befalets fellesorganisasjon, Norsk Tollerforbund, Kriminalomsorgens Yrkesforbund, Skolelederforbundet og STAFO