NHO-streiken er over - dette er resultatet
Alle Delta sine medlemmer får 7,5 kroner i timen i generelt tillegg. Den økonomiske ramma for oppgjeret er berekna til 5,2 prosent.
Nestleiar i Delta og forhandlingsleiar for Delta i NHO, Marit Solheim, seier YS har fått eit resultat som er mykje betre enn skissa som låg på bordet då streiken starta.
LAST NED: Riksmeklerens møtebok med protokoll (pdf)
Fornøgd med resultatet
– Vi har fått ei god lønnsramme med ein mykje betre balanse mellom sentrale og lokale tillegg, og vi har sørga for at dei lågtlønte kjem betre ut. Det viser at streiken var nødvendig, seier ho.
- I dette lønnsoppgjeret er vi tydelege på at lønningane må auke meir enn prisane. Vi er difor nøgde med å ha oppnådd eit resultat som sikrar medlemmene auka kjøpekraft, seier Solheim.
For Delta er det viktig å jamne ut forskjellar mellom yrkesgrupper og sikre at norske arbeidstakarar får sin del av verdiskapinga.
– Saman med hovedorganisasjonen vår YS har vi med denne streiken klart å snu ein trend over fleire år kor mange medlemmer har tapt kjøpekraft og vorte hengande etter. Vi vil halde fram den viktige jobben med å utlikne forskjellar og sikre likelønn i kommande oppgjer, seier Solheim.
Nå står dei lokale forhandlingane i NHO-verksemdene for tur.
- Delta har dyktige tillitsvalde som vil sørge for at også desse forhandlingane blir godt ivaretekne, seier Solheim.
Dette er resultatet i NHO
- Generelt tillegg: 7,50 kroner pr time, 14.625 kroner i året.
- Tillegg til bussbransjeavtale-YS, 1 kroner i tillegg, 1.950 kroner i året.
- Låglønnstillegg: 3 kroner pr time, 5.850 kroner i året for overeinskomstar under 90 prosent av gjennomsnittleg industriarbeidarlønn, mindre enn 490.250 kroner.
- Låglønnstillegg for tariffavtalar utan lokal forhandlingsrett: 4 kroner. pr time, 7.800 kroner.
Ramma for oppgjeret er 5,2 prosent (overheng: 1,4 prosent, tarifftillegg: 2,1 prosent, gliding: 1,7 prosent).
Resultatet omfattar om lag 16.000 medlemmer frå følgjande YS-forbund: Delta, Negotia, Parat, Safe og YTF.