Lønnsoppgjeret 2025 har starta: – Delta krev reallønnsvekst

– Vi krev betydeleg reallønnsvekst, slik at alle sit igjen med meir i lommeboka, seier 1. nestleiar Marit Solheim i Delta.
Fredag 14. mars starta lønnsoppgjeret i NHO-området (frontfaget). Årets lønnsoppgjer er med det i gang. I år er det mellomoppgjer, og det inneber at det først og fremst skal forhandlast om pengar.
– Det er naudsynt med eit betydeleg lønnsløft i år. Etter fleire år kor høg prisvekst har ete opp lønnsveksten, fekk vi i fjor gjennomslag for reallønnsvekst. Men vi treng meir enn eitt godt oppgjer for at det skal merkast etter tøffe år, understrekar Solheim som representerer Delta-medlemane i NHO-området.
Delen som går til lønn må opp
Frontfaget er viktig også for offentleg tenesteyting fordi det legg ei økonomisk norm for lønnsveksten i dei følgjande oppgjera.
Økonomien i Norge går godt, sjølv om uroa internasjonalt aukar. Den delen av industrien som konkurrerer med utlandet har store overskot, og verdiskapinga i industrien som går til lønn har historisk aldri vore så låg som no.
– Vi meiner meir av verdiskapinga i bedriftene må fordelast til arbeidstakarane, seier Solheim.
Fleire oppgjer i april
Forhandlingane mellom YS og NHO har frist 18. mars.
Lønnsoppgjeret fortset i april med Deltas store område, kommune, Spekter og stat, og ei rekkje andre tariffområde.

Delta sine forhandlingar i NHO-området
- Forhandlingsdelegasjonen frå Delta består av 1. nestleiar Marit Solheim, 2. nestleiar Ola Yttre og spesialrådgjevar Sveinung Berger frå arbeidslivsavdelinga i Delta.
- Dette er eit samordna oppgjer. Det betyr at det blir forhandla samla for alle tariffavtalar som er inngått mellom YS-forbund og NHO. Også dei seks NHO-tariffavtalane Delta er part i blir omfatta av forhandlingane.
- Ein tredel av Deltas medlemmer innanfor NHO er omfatta av Funksjonæravtalen. I mellomoppgjeret er denne avtalen ikkje ein del av dei sentrale forhandlingane, for Funksjonæravtalen er det berre lokale forhandlingar.