Brot i forhandlingane mellom NHO og YS: – Krev ein rettferdig del av verdiskapinga

BROT I FORHANDLINGANE: Første nestleiar i Delta, Marit Solheim, i samband med oppstarten på mellomoppgjeret i NHO.
BROT I FORHANDLINGANE: Første nestleiar i Delta, Marit Solheim, i samband med oppstarten på mellomoppgjeret i NHO. Foto: Martin Müller

Partane stod for langt frå kvarandre. No går lønnsoppgjeret til mekling og det betyr at det er fare for streik frå 2. april.

Lønnsforhandlingane mellom YS og NHO starta opp fredag 14. mars. Trass i krevjande forhandlingar klarte partane ikkje å bli einige.  No går lønnsoppgjeret til mekling. 

 - Vi krev ikkje noko anna enn at arbeidstakarane skal få sin rettmessige del av verdiane dei skaper. Det vil ikkje NHO og derfor vart det brot, seier Deltas 1. nestleiar Marit Solheim.

- Krava våre var rimelege ut frå den økonomiske situasjonen vi står i. Vi håper å slippe streik, og at det blir semje gjennom meklinga, seier Solheim.

 Økonomien i Norge går godt sjølv om uroa internasjonalt aukar.

- Før oppgjeret i fjor hadde vi i realiteten 10 år utan reallønnsvekst for store grupper av arbeidstakarane. Vi kan ikkje gå med på eit oppgjer i år som ikkje sikrar ein god reallønnsvekst, seier Solheim.

Kven blir omfatta?

Delta har medlemmer innanfor ideelle organisasjonar, sjøfart, helse og omsorg og rehabilitering organisert på ulike overeinskomstar i NHO.

 YS forhandlar på vegner av ei brei gruppe arbeidstakarar, som tilsette i hotell- og restaurantnæringa, reinhaldsarbeidarar, oljearbeidarar, bussjåførar, og dessutan ulike funksjonærar. Totalt forhandlar YS for vel 32 000 arbeidstakarar i Norge. 

Kva skjer videre?

Ettersom partane ikkje har vorte samde er neste steg mekling his riksmeklar som startar måndag 31. mars og har frist 1. april, klokka 24.00. Blir det ikkje semje i meklinga er det fare for streik frå 2. april.

Fleire oppgjer i april

Lønnsoppgjeret fortset i april med Deltas store område, kommune,  Spekter  og stat, og ei rekkje andre tariffområde.

Delta sine forhandlingar i NHO-området

  • Forhandlingsdelegasjonen frå Delta består av 1. nestleiar Marit Solheim, 2. nestleiar Ola Yttre og spesialrådgjevar Sveinung Berger frå arbeidslivsavdelinga i Delta.
  • Dette er eit samordna oppgjer. Det betyr at det blir forhandla samla for alle tariffavtalar som er inngått mellom YS-forbund og NHO. Også dei seks NHO-tariffavtalane Delta er part i blir omfatta av forhandlingane.
  • Ein tredel av Deltas medlemmer innanfor NHO er omfatta av Funksjonæravtalen. I mellomoppgjeret er denne avtalen ikkje ein del av dei sentrale forhandlingane, for Funksjonæravtalen er det berre lokale forhandlingar.