Bedriftsbesøk til Haugaland interkommunale miljøverk

Haugaland interkommunale miljøvern er ein stor aktør på miljøsida og driftar tre separate anlegg med ansvar for innsamling av avfall frå eigarkommunane Bokn, Etne, Haugesund, Tysvær og Vindafjord.
Ein kald og vindfull dag på hausten la Miljø og utvikling turen til Haugaland interkommunale miljøverk (HIM) for å besøke bedrifta og lære meir om drifta.
Haugalandet Interkommunale Miljøverk tar imot av avfall frå hushalda i medlemskommunane Bokn, Etne, Haugesund, Tysvær og Vindafjord. Selskapet har mottak på tre anlegg, Årabrot Miljøpark, Toraneset Miljøpark og Etne Miljøstasjon. I tillegg vert det henta inn avfall frå hushalda ved bruk av mobile mottak etter fastsette ruter og tidspunkt for levering.
På Årabrot Miljøpark, eit av mottak til HIM, møtte vi Hans Almeland. Med Hans som omvisar fekk vi eit lærerikt møte og ei interessann omvising på anlegget. Leiar for Miljø og utvikling i Delta, Leif Kåre Solheim, var med på omvisinga. Han hadde teke turen frå Karmøy for å ta del på bedriftsbesøket.
HIM er lidenskapleg opptekne av berekraft og miljø. Dei har fokus på at samfunnet skal setje eit minst mogleg miljø- og klimafotavtrykk, og at innbyggjarane i HIM-kommunane har brukarvennlege løysingar for sortering av avfall. HIM arbeider for å redusere den totale mengda av avfall, auke fokuset på gjenbruk, skape ressursar av avfallet og ta forsvarleg hand om det restavfallet som vert samla inn.

Avfallspyramiden til HIM legg vekt på at vi skal lage mindre avfall, reparere og kjøp kvalitet og unngår unødig emballasje. Deretter kjem gjenbruk, bruke ting om igjen, selje og kjøpe brukt og levere til bruktbutikk.
Ein del av sikkerheitstiltaka på HIM er å nytte gul refleksvest på vandringa rundt om på anlegget. dei godt oppvarma lokala til bruktbutikken Affi.
Den gode varmen i lokala til Affi og på resten av anlegget skjer ved at det vert henta ut og fyrt med metangass frå ei eldre, og no tildekka, fylling på området.
Gjenbruk
Gjenbruk eller ny bruk av både gjenstandar og tekstilar vert stadig meir populært. HIM har sett dette og har sitt eige utsal for brukte gjenstandar. På Toraneset miljøpark og på Etne miljøstasjon er det sett av plass til eigne Skattkammer, her kan kundane setje inn brukbare gjenstandar for gjenbruk. Årabrot Miljøpark har eigen bruktbutikk, Affi.

Bruktbutikken Affi vart starta opp allereie i 1999. I dei romslege lokala møter vi ansvarleg for Affi, Rune Veste, saman med fleire dyktige medarbeidarar. Den dagen vi besøkte Affi, var Rune Veste og mannskapet fullt opptekne med å ta fram dei beste «godbitane» frå lageret. Spesielt utplukka gjenstandar som skulle seljast på haustauksjonen. Det var ikkje mogeleg å få kjøpe nokon av dei utplukka varene der og då, dei skulle på auksjonen var svaret.
Sal av brukte gjenstandar, og ikkje minst ved auksjon, er med på å auke interessa for gjenbruk og setje søkelyset på den miljøgevinsten gjenbruk fører med seg. Det ligg og ei tydeleg sosial mobilisering og -læring i eit slikt tiltak, og det vil naturlegvis føre til auka forståing for å ta vare på brukte gjenstandar som ein ressurs i seg sjølv eller for gjenbruk. Auksjonen, og sal i Affi, vert på den måten ein naturleg del av miljøplanlegginga til medlemskommunane i HIM.
Farleg avfall

Innsamling av farleg avfall er ei viktig oppgåve ved miljøstasjonane. Avfall vert sortert i fleire fraksjonar, pakka og sendt vidare til spesialmottak. Dette arbeidet krev nøye deklarasjon ved sending. Ved mottak vert farleg avfall registrert på kvar enkelt kunde med type avfall og mengde. Dei som leverar avfall kan på den måten få ut ei fullstendig oversikt over eiga avfallshandtering og miljørekneskap for bedrifta.
HIM har og innført ein app for registrering av mengde avfall kvart enkelt hushald leverer. Under vårt besøk fant vi ein «kjenning» frå landbruket i mottaket, Neocidol Vet, med det verksame stoffet Diazinon. Dette middelet vart tidlegare nytta ved angrep av flugemark på sau og er ikkje lenger godkjent for bruk.
Gjenbruk av maling
Restar av maling og maling i heil emballasje, kjem inn til mottaket etter kvart som det pågåande arbeidet vert ferdig. Ein stor del av malinga er framleis godt brukande. Det er no planer for sal og gjenbruk av innsamla malingsrestar.
Komposterbart avfall

Komposterbart avfall vert lagt i store rankar utandørs ved Årabrot Miljøpark. Her vert rankane snudde og tilført luft i to år. Hushaldningsavfall vert ikkje kompostert, men sendt vidare til varmegjenvinning.
Komposterbart hageavfall, reint trevirke og restar av produksjonssand, vert etter to år i rankar omdanna til fyrsteklasses hagekompost. For dei som vil lage til bed eller ny plen, er dette eit ypparleg jordforbetringsmateriale. Privatpersonar hentar kompostjord direkte på anlegget med bil og hengar, eller får tvikøyrt komposten på annar vis.