Delta meiner: Organiseringa av tannhelsetenesta må byggja på fagleg vurdering

Utan konsekvensutgreiing har Stortinget vedtatt å flytta den fylkeskommunale tannhelsetenesta til kommunane. Vedtaket seier ikkje noko om aktuell kommunestørrelse, økonomisk lønsemd eller faglege konsekvensar.

Det tannhelsefaglege miljøet meiner det trengs større overordna miljø for å få ei teneste som fungerer optimalt til det beste for befolkninga. Dette er støtta av blant andre Kommunenes Sentralforbund (KS), Arbeiderpartiet og Senterpartiet.

Delta er alvorlig bekymra for at:

  • Brukarane skal få eit redusert tannhelsetilbod, spesielt på det helsefremjande og førebyggjande området
  • Langsiktige planar innafor folkehelsearbeidet forsvinn lett i små kommunale einingar. Med avgrensa økonomi kan behandling lett bli prioritert føre helsefremjing

Suksessfaktorar i den fylkeskommunale tannhelsetenesta er blant anna:

  • Systematisk, koordinert og langsiktig førebyggingsarbeid overfor ein større befolkningsmasse
  • Godt behandlingstilbod for ulike grupper i befolkninga

Gjennom kommunesamanslåing ønsker regjeringa større og meir robuste fagmiljø som skal koma innbyggjarane til gode med auka kvalitet og stabilitet i tenesta. Vedtaket om å overføra tannhelsetenesta frå fylkeskommunen til kommunen kan føre til det motsette:

  • Det vesle fagmiljøet vert splitta opp i enda mindre einingar
  • Det er førebels ikkje planlagt nokon form for koordinering mellom kommunane
  • Det kan lett bli store skilnader i tannhelsetenestetilbodet mellom kommunar i same fylke
  • Resultatet kan bli dårlegare tannhelse på individnivå og på gruppenivå
  • Kommunereforma kan lett føra til ei nedbygging av den offentlege tannhelsetenesta i Norge sjølv om intensjonen er den motsette

Resolusjonen vedtatt av Deltas representantskap 2015.