- Eit godt resultat for Deltas medlemmer i PBL-barnehagane

Forhandlingsleiarane i PBL-området med signerte protokollar: Frå venstre; Anne Green Nilsen (Fagforbundet), Marit Solheim (Delta), Jørn-Tommy Schjelderup (PBL) og Terje Skyvulstad (Utdanningsforbundet).
Forhandlingsleiarane i PBL-området med signerte protokollar: Frå venstre; Anne Green Nilsen (Fagforbundet), Marit Solheim (Delta), Jørn-Tommy Schjelderup (PBL) og Terje Skyvulstad (Utdanningsforbundet). Foto: Siv M. Bjelland

Alle Deltas medlemmer i PBL-området får minimum 25.800 kroner i generelt lønnstillegg.

Måndag 12. juni vart det einigheit mellom Delta og Private barnehagers landsforbund (PBL) i årets mellomoppgjer.

Lønnsramma er på 5,4 prosent, som er tilsvarande ramma i kommunesektoren (KS).

- Dette oppgjeret sikrer medlemmene våre auka kjøpekraft. Eg er fornøgd med det gode samarbeidet på arbeidstakarsida og klimaet i forhandlingane med PBL, seier nestleiar i Delta og forhandlingsleiar, Marit Solheim.

Resultatet i korte trekk:

  • Generelt tillegg til alle på minimum 25.800 kroner
  • Auking av minstelønnsnivåa
  • Fagarbeidarar med full ansienniet får 26.300 kroner
  • Lønnstillegga blir gitt med verknad frå 1. mai 2023

Lønnstillegg gjeldande frå 1. mai 2023

Ansiennitet0-34-78-910-1516 + 
Assistent25.80025.80025.80025.80025.800 
Fagarbeidar- og barnepleiar25.80025.80025.80025.80026.300 
Førskulelærarar og pedagogar34.40034.20030.00030.00032.700 
Pedagogiske leiarar34.40034.20030.00030.00032.700 
Spesialutdanna39.00033.90030.40033.70032.800 
Årsverk0-9,910-13,914-16,917-20,921-26,927+
Styrar36.00037.00038.00039.00039.00041.000

Ny minstelønnstabell frå 1. mai 2023

Ansiennitet0-3 år4-7 år8-9 år10-15 år16 år 
Assistent367.200374.000386.100426.000460.100 
Fagarbeidar- og barnepleiar419.700429.800441.400480.800494.000 
Førskulelærarar og pedagogar492.700496.900509.900562.900571.300 
Pedagogiske leiarar522.700526.900539.900592.900601.300 
Spesialutdanna522.800530.900539.900592.900602.500 
Årsverk0-9,910-13,914-16,917-20,921-26,927 +
Styrar652.400674.300685.800697.100707.300747.500

 

 

Delta forhandler PBL foto Siv M Bjelland.jpg
Frå høgre: Nestleiar Marit Solheim har leia forhandlingane for Delta sine medlemmer i PBL, saman med Hanne Kolby og Simen Bjerke frå arbeidslivsavdelinga i Delta.

Mest for tillitsvalgte: Se video med presentasjon av resultatet

Har du spørsmål?

Ta kontakt med rådgivarane våre i Delta Direkte, måndag til fredag, kl. 08–20. Delta Direkte er eit tilbod til deg som er medlem eller tillitsvald i Delta.