Einigheit i kyrkjeoppgjeret

Partane samla til lønnsforhandlingar i Kirkens Hus. Frå høgre: Irmelin Stødle og Simen Bjerke, som representerte Delta sine medlemmer. Nummer to frå venstre er forhandlingsleiar i KA, Anne Cecilie Andresen
Partane samla til lønnsforhandlingar i Kirkens Hus. Frå høgre: Irmelin Stødle og Simen Bjerke, som representerte Delta sine medlemmer. Nummer to frå venstre er forhandlingsleiar i KA, Anne Cecilie Andresen Foto: Siv M. Bjelland

Alle Deltas medlemmer i Den norske kyrkja får minimum 23.800 kroner i generelt lønnstillegg.

Det vart semje i forhandlingane i mellomoppgjeret mellom Delta og Kirkelig Arbeidsgiverorganisasjon (KA) etter krevjande forhandlingar 15. og 16. juni.

- Auke av kjøpekrafta var eit hovudkrav for Delta, som vi fekk innfridd. Medlemmene merkar dyrtida på kroppen og på lommeboka. Med dette oppgjeret får alle meir å rutta med, seier nestleiar i Delta, Marit Solheim.

- Vi hadde ønskt oss ein større prioritering av kompetansegruppene våre, men det var ikkje mogleg. Dette vil vi jobba vidare med, seier Solheim.

Ramma for oppgjeret er 5,4 prosent. Det svarer til det vi oppnådde i kommunene.

LAST NED: Protokoll (pdf)

Resultatet i korte trekk:

  • Generelt tillegg til alle på minimum 23.800 kroner
  • Auking av minstelønnsnivåa
  • Fagarbeidarar med full ansienniet får 24.700 kroner
  • Alle medlemmer i kapittel 4 pkt. 4.6 tilsett i fellesråd/menighetsråd er sikra eit sentralt tillegg med verknad frå 01.05.2023, i tråd med tabellen under.
  • Stillingar utan fastsett garantilønn får eit lønnstillegg på 4,9 prosent av grunnlønna.

  Lønnstillegga blir gitt med verknad frå 1. mai 2023

Lønnsgruppe0 år2 år4 år6 år8 år10 år16 år
124.60024.60024.60024.60024.60024.60024.600
223.80023.80023.80023.80023.80023.80024.700
2b23.80023.80023.80023.80023.80023.80024.700
323.80023.80023.80023.80023.80023.80024.200
423.80023.80023.80023.80023.80027.00028.000
4b23.80023.80023.80023.80023.80027.00028.000
526.00026.00026.00026.00028.00031.00038.000

Garantilønn og ansiennitetstillegg blir justert i samsvar med dette.

Har du spørsmål?

Ta kontakt med rådgivarane våre i Delta Direkte, måndag til fredag, kl. 08–20. Delta Direkte er eit tilbod til deg som er medlem eller tillitsvald i Delta.

Mest for tillitsvalgte